onsdag 16. april 2008

Selvangivelsen... i år også...

Der ligger den, og nesten BER om å bli kontrollert...

Jeg ser på den. Kolonne opp og ned, med punkt 1 ditt og punkt 2 datt. Og en sluttsum... nåja.. kan det være tilfeldig at selvangivelsen dukker opp omtrent samtidig med lønnsoppgjøret? Av og til undres jeg om vi hadde skrudd ned på kravene om vi ikke hadde fått så mye å ergre oss over like før lønnsforhandlingene.

Hmmm.. hvor ble det av det diktet jeg skrev en gang.... det er noe som mangler her...

Løynd formue

Mi likning er ferdig.

Klar til å sendas futen
som legg i hop

og trekk ifrå
alt eg eig og ikkje har
som bankaksjar og verdispar.

Alt? Å nei du!
I år er eg endeleg
skattesnytarforbrytar.

Ikkje med vilje,
men skjemaet futen sendte
mangla mykje og mangt.


Som plass til å føre
smil eg har fått.
Inga rubrikk med
rom for vener.
Av dei har eg fleire
med sers høg ver
di.

Ikkje ein stad
å setje inn talet
på fine turar
i solskin, tåke og regn

gjennom angande skog
eller midtsommareng.

Herlege turar
i fjæra
med blenkjande solgull
på småbølga vatn,
vandring til fjells og på vidde
m
ed innlagt utsynsrast.



Gode klemmar

frå staute ungar,
kosestunder
kring veners bord.
Det finst 'kje ei bok
som rommer alt i hop.

Himmelkvelven der oppe
med nordlys og stjerneskot
er kuppel over ei dansande sjel.
Ei vakker ramme kring gleda,
ein skatt i seg sjølv,
utanfor fute-system.

Eg sit her og ser på tala.
Formue i null?
Sludder og vev.
Eg rommer ein løynd formue
av puraste hjartegull.
(Men send ikke futen eit brev!)

AGB 1999





Ingen kommentarer: