Gikk bortover til jobben og så på alle de andre trærne som bare står og venter på å få kle seg i ny vårdrakt, og tenkte at det er på denne årstiden man ser dem slik de virkelig er.
Vintertre
Trea står der
med nakne greiner.
Ikkje eit blad å skjule seg med
i vintersol.
Nokre perfekte
med fin symmetri.
Andre knekte og kua,
lite å sjå til.
Står der berre.
Mest ikkje eit tre
er heilt utan lyte
når du ser dei slik
mot vinterhimmel
i sanningstimen.
Men lauvkappekledde
vår, sommar og haust
gir dei alle rom
for fuglesong
og ekornleik.
Flottast for meg
er likevel treet
som fekk ein knekk,
men likevel veljer
å strekkje sin rikdom
mot ljoset.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar